Tilbake

Ikkje alle trur det dei høyrer

Fagfolk kan formidla kunnskapar så barnehage og skule kan leggja til rette for allergikarar. Men kunnskapen når ikkje alltid inn.

ALLERGI: – Mange stader er dei flinke og lagar rutinar så barn med astma eller allergi kjenner at dei er med, på like fot med andre. Men det hender også at nokre mekanismar set inn som gjer at kunnskapen ikkje når fram, fortel Sølvi Heimestøl.

Heimestøl er leiar i Norsk sykepleierforbund si faggruppe for sjukepleiarar innan allergi, eksem og lungesjukdom hos barn. Arbeidsplassen sin har ho ved Haugesund sjukehus, delt mellom barnepoliklinikken og lærings- og meistringssenteret.

Store variasjonar

Noko av problemet, forklarar sjukepleiaren, kan liggja i at astma og allergi kan vera så ulike ting. Om nokon har erfaring med eitt sjukdomsbilde, er det ikkje utan vidare gitt at dei tar inn over seg at ein annan kan ha andre problem, og dermed andre grenser for kva ho tåler.

– Eitt barn kan ha ein katteallergi som ikkje er sterkare enn at vedkommande kan vera i same rommet som katt det meste av året, men i pollensesongen går det ikkje. Summen av pollen og katt blir for mykje. Dette kan vera vanskeleg for utanforståande å forstå. Men allergikaren er avhengig av at ansvarlege vaksne innser at det er nettopp slik, og legg forholda opp etter det, seier Sølvi Heimestøl.

Eggedosis

Eit annan eksempel Heimestøl nemner, er eit barn som reagerer kraftig mot for eksempel egg. – For dei fleste er det begripeleg at ein som er allergisk mot egg, ikkje skal eta egg på skiva, eller kaker med egg. Verre kan det vera å fatta at det å komma inn i eit rom der det har vore vispa eggedosis, kan gje barnet ein allergisk sjokkreaksjon. Slike kunnskapar er det avgjerande at vaksne med ansvar for barnet tar til seg. Dermed kan rutinar lagast som sikrar barnet ein så «normal» kvardag som råd, seier Heimestøl.

Motivasjon

Foreldre til barn med astma eller allergi er oftast svært motiverte, og tar til seg kunnskapar om kva barnet tåler og ikkje tåler. Dei lærer seg også snart korleis dei skal reagera om barnet får eit anfall, og til å sjå tidlege teikn til eit anfall, slik at dei eit stykke på veg kan unngå det eller redusera omfanget.

– Ei større utfordring blir det ofte når foreldre skal formidla denne kunnskapen til andre med ansvar for barnet, i og utanfor familien. Det er ein fordel om foreldra har støtte av fagpersonar som helsesøster, primærlege eller andre til å forklara barnehage eller skule kva som trengst, seier Sølvi Heimestøl.

Lærings- og meistringssenteret arrangerer nettverkskurs med jamne mellomrom.

– Me opplever stadig at personale i for eksempel barnehagar blir motiverte til å ta slike kurs, særleg om barnet har fått eit anfall mens det var i barnehagen, seier Sølvi Heimestøl.

skrevet av:Jon Ådnøy

Allergikokken AS. Hilde Brenne Rugås, Øvre Stokkavei 19, 4023 Stavanger. Tlf 926 66 486 hilde.rugaas@gmail.com